UTILGJENGELEGE: Det kan vere vanskeleg å få kontakt med naudetatane på grunn av teletrøbbel..

Naud­etatane ramma av tele­trøbbel

Politiet melder om problem med å kome igjennom til naudetatane.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag klokka 16.35 opplyser politiet om at det er problem med telenettet for dei som prøver å kontakte politi, brannvesen eller helse.

– Publikum kan oppleve å ikkje komme gjennom til naudetatene på 110,112 og 113 eller vanlege nummer til brann, ambulanse eller politi, melder politiet.

Dei ber dei som skulle vere i naud og ikkje komme igjennom på desse nummera om å oppsøke lokal politistasjon, brann eller ambulansestasjon.

– Det kan likevel vere problematisk å komme i kontakt med lokalt brannvesen der det er etablert av frivillige. Oppsøk politi eller ambulanse, heiter det frå politiet.

– Det er òg slik at ambulansestasjonar ikkje er bemanna, derfor skal ein oppsøke legevakt eller sjukehus, skriv politiet rett før klokka 18.

Politiets operasjonssentral kan ein også nå på telefon 33 34 44 00.

Det er dessutan muleg for innbyggjarane i Sør-Øst å få kontakt med politiet via nettpatruljen på politiet.no.

Powered by Labrador CMS