NÆRINGSVERKSEMD I GAMMAL GÅRD: Meierigården i Bøgata er eit eksempel på eit gammal bygg der det blir drive næring.
Bø blad, arkiv
Nå skal det bli lettare å starte næringsdrift i gamle hus
Næringsdrift i gamle hus er utfordrande. Riksantikvarens nye rettleiar skal gjere det enklare for kulturarv-gründerar som vil starte med næringsdrift i gamle hus.
– Vern gjennom bruk er den beste måten å ta vare på kulturmiljø. Nå gjer me det lettare for kulturarv-gründerar og andre som ønskjer å ta i bruk kulturminne. Med ein ny rettleiar vil gründerar få hjelp til å starte sine prosjekt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding frå Riksantikvaren.