HYTTERENOVASJON: Her er eit eksempel på dagens containersystem frå leveringsplassen i Eikjabygda. Det finst 17-18 slike rundt omkring i kommunen.
Øystein Akselberg
Nå må alle sortere søppel på hytta
Frå nyttår har det kome nye reglar som seier at alle skal kjeldesortere avfall på hytta. Renovasjonsselskapet IRMAT lovar at alt skal vere på plass i løpet av året, også i Midt-Telemark.
I Midt-Telemark kommune er det 1.255 fritidsbustader med avtale om hytterenovasjon. Ein reknar med at rundt 1.000 av desse er innanfor Bø-området, og dei aller fleste er i området Lifjell-Liheia-Årmotdalen.