Mykje folk, fine bilar og god stemning på Bilens dag – her kan du sjå bilda
Nye og gamle bilar skein i sola, folk rusla blide rundt og Luna Lars and the Lonesome Lovers fekk folk til å trampe takten på Bilens dag.
På siste dagen i april arrangerte Bø blad Bilens dag på Bø torg. Billeverandørar frå heile regionen var invitert, og kunne her få vise fram dei nyaste bilmodellane sine og la potensielle nybilkjøparar få spørje, grave og prøve. Ulike typar bilar var stilt ut på torget, og her var også nokre flotte eldre modellar. Det var med andre ord dekka for ein god bilprat.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp