Illustrasjonsfoto
Marta Kjøllesdal
Midt-telemarkingar involvert i frontkollisjon
To bilar frontkolliderte søndag ettermiddag på Riksveg 36 i Seljord. Dei involverte er personar i 60-åra frå Midt-Telemark, opplyser politiet. Ingen blei skadd i kollisjonen.
Politiet melder på X/Twitter søndag ettermiddag om ein kollisjon på Riksveg 36. Ifølgje operasjonssentralen i Sør-Øst politidistrikt har kollisjonen skjedd på riksveg 36 i Seljord, nær avkøyringa til E134.