AKTIVT STYRE: Sigrid Vinjerui, Aslaug Groven Årnes og Turid Hagtvedt Holta sit i styret saman med leiar Bjørn Larsen (ikkje til stades).
Marta Kjøllesdal
– Me prøver nye ting slik at folk kan treffast
Mathilde og Niklas fann fine sko, men dei hadde kanskje ikkje heilt rette størrelsen.
Stranna Vel har mange arrangement, og det siste tilskotet er baklukesal. Det vart arrangert sist helg, og her var det sal av både reiskap, handarbeid, sko og klede. Laget sjølv hadde også ein liten loppemarknad.