KRITISK: Tormod Helås (KrF) er svært kritisk til prosessen rundt skulestruktur-saka.
Hilde Eika Nesje
– Me kan ikkje ta avgjersla om nedlegging nå. Det er altfor mykje som er uavklart
Tormod Helås, kommunestyrerepresentant for KrF i Midt-Telemark, er kritisk til prosessen i saka om eventuell nedlegging av Folkestad skule.
– Det er svært mange sider ved denne saka som eg stiller meg undrande til, og eit av dei store spørsmåla er kvifor saka har blitt løfta fram som om det er kvalitet og kompetanse me diskuterer. Kvifor har me da ikkje diskutert akkurat dét før? Denna saka handlar om den dårlege økonomien i Midt-Telemark, og det må me politikarar jammen meg ta ansvar for.