I PRAKSIS: Marie Olderkjær har praksis i Bø blad - Lokalavis for Midt-Telemark.
Hilde Eika Nesje
Marie (27) har praksis i lokalavisa: – Folk må gjerne tipse meg om gode saker
I to månader får Bø blad glede av nynorskpraktikant Marie Olderkjær, som skal jobbe som journalist i lokalavisa.
– Eg ville vekk frå vestlandsvêret, og trur Midt-Telemark er ein bra plass å vere. Det ser ut til at det er mykje spennande som skjer her, seier Marie Olderkjær.