TUR TIL OSLO: F.v. Linda Therese Thorstensen (Ap), ordførar i Nome, Siri Blichfeldt Dyrland, ordførar i Midt-Telemark, og Stina Anlaug Sætre (Sp), ordførar i Drangedal
Marta Kjøllesdal
– Målet er å halde trykket oppe, men me må nok til Oslo igjen
Det seier ordførar Siri Blichfeldt Dyrland. Saman med åtte andre ordførarar har ho måndag hatt møte med Samferdselsdepartementet om problema på Sørlandsbanen.
Seks ordførarar møtte fysisk til møte med departementet. Dei tre andre ordførarane møtte via nettet. Dei som valde å reise med Sørlandsbanen kom til Oslo med eit tog som var forseinka. Da dei skulle heim, var toget deira innstilt.