STALL BERDALEN: Her er stallsjef Malene Berdalen med den tre år gamle hingsten Høvdingen. Han er ein av ti hestar på stallen på Uvdal gard.
Øystein Akselberg
Malene vil opne stalldøra for fleire
Tråvtrenar Malene Berdalen brenn for å blåse liv i tråvmiljøet i Bø. Ho opnar også stallen sin for unge hesteinteresserte, skuleelevar og demente.
Stall Berdalen har basen sin i stallane på Uvdal gard. Det er Malene Berdalen (37) og sambuar Are Hynne som står bak som drivarar. Stall og uteområde leiger dei av familien Ramberg på Uvdal gard.