
Løfter fram senter: – Viktig med rask etablering
– Dette er ein historisk moglegheit me ikkje har råd til å miste.
Det seier Willy Dorholt, Telemark Ap sin 7. stortingskandidat, saman med Jone Blikra, stortingsrepresentant frå Telemark Ap.
Dei er begge tydelege:
– Etableringa av Fensenteret, eit nasjonalt kompetansesenter for kritiske mineral, må skje raskt, og det må skje i Nome, er bodskapen.
Dei meiner dette er ein historisk moglegheit som ein ikkje har råd til å miste.
– Fensenteret kan bli både eit kunnskapsløft og ein motor for næringsutvikling, seier dei.
Frå idé til etablering
Bakgrunnen for prosjektet som er i emning er erfaringane med gruvedrift på Fensfeltet.
I 2024 blei det gjennomført ein forstudie i regi av Midt-Telemark og Nome Utvikling (MTNU), finansiert av Sparebankstiftelsen Nome. Også Universitetet i Sørøst-Noreg (USN) har engasjert seg.
No går arbeidet frå prosjektfase til etableringsfase.
MTNU arbeider med å etablere eit aksjeselskap, der eigarskapet blir delt mellom USN, Telemark fylkeskommune og næringsklynger. Når dette er på plass, kan ein starte innhenting av midlar til sjølve etableringa.
Vil kople til pilotfabrikken
Dorholt og Blikra møter opp ved tomta til pilotfabrikken ved Jernverket.
Det er ikkje tilfeldig, for her ser Dorholt for seg at ein kan plassere Fensenteret, saman med både pilotfabrikken og eit framtidig øvingsområde for Nome vidaregåande skule.
– Då får me synergiar mellom forsking, utdanning og næringsliv. Det er slik me kan bygge kunnskap og arbeidsplassar lokalt, seier Dorholt.
Viktig for Nome – og for Vesten
Blikra peikar på at måten Nome kommune har tatt ei styringsrolle i utviklinga av Fensfeltet er ein modell andre mineralprosjekt i Noreg kan lære mykje av i framtida.
– Nome kommune er allereie utpeikt som pilotkommune for plan og areal knytt til utvikling av Fensfeltet, presiserer Blikra.
Han peikar på at sjølv om Fensenteret ikkje skal drive gruvedrift sjølv, kan det bidra til knoppskyting og vekst.
– Me veit at Kina sit på mesteparten av kunnskapen om kritiske mineral. Fensenteret kan bli eit viktig nasjonalt kompetansemiljø, og ein ressurs for heile den vestlege verda, seier Blikra.
Dei to Ap-politikarane understrekar òg at Universitetet i Søraust-Noreg vil dra nytte av eit slikt senter, og at ringverknadene kan løfte heile Telemark.
Politisk forankra
– Først fekk me gjennomslag i Telemark Ap. Deretter fekk me Fensenteret inn i Arbeidarpartiets program nasjonalt. No er det vedteke at eit nasjonalt kompetansesenter for kritiske mineral blir etablerat, seier Dorholt.
Han meiner det viser at lokalt engasjement nyttar.
Blikra fortel at dei nyleg hadde samtale med forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland, og at signala var positive.
– Andre stader ønskjer seg òg eit slikt senter, men me har eit fortrinn. Nome er allereie pilotkommune. No gjeld det å få fart på prosessen, understrekar Blikra.