BORTEBUAR: Lars Liestøl.
Privat
Lars flytta ut: – Eg saknar nærleiken til fjellet her eg bur no
Lars Liestøl (37) flytta frå Midt-Telemark i 2005. No bur han i Oslo med kona, dottera og ein liten gutt på veg.
Når flytta du frå Midt-Telemark og kva har du gjort sidan?
– Eg flytta frå Midt-Telemark i 2005 for å avtene førstegongsteneste i Nord-Noreg. Deretter studera eg fyrst eitt år i Bergen, og så fem år i Trondheim. Etter fullførte ingeniørstudium flytta eg til Kongsberg for å jobbe i Teknologiparken. Eg hadde eit halvårs jobbopphald i Texas, før eg flytta til Oslo i 2017.