200213 Sett frå lufta - Lahus

Lahus

Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Sel­skapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om fly­bileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.

Publisert Sist oppdatert

Lahus, gnr. 53, bnr. 5, ligg på bakkekanten over Frivollom­rådet (ungdomsskulen.) Det tyder på at Lahus er delt ut frå garden Holmen, seinare Prestegarden i Bø, to gonger. Først skjedde det i mellomalderen, og garden Lahus den gongen hadde hus litt aust for gardstunet i dag. Denne garden er nemnt i skriftleg materiale allereie i 1398. Etter kvart gjekk garden inn i Prestegarden att, men var lenge buplass etter det. Men i løpet av 1700-talet vart buplassen lagt ned. Først i 1889 vart Lahus ein gard på nytt, då Prestegarden vart delt opp.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS