Lågare straumpris
Straumprisen hjå den lokale leverandøren Midt-Telemark Energi er over 25 øre/kwh lågare nå enn for eitt år sidan. Mildare og våtare vêr er årsaka.
Me har fått marknadssjef Oddvar Steinhaug i Midt-Telemark Energi (MTE) til å oppsummere straumåret 2019 og kikke litt i krystallkula for å sjå trendar framover i 2020.
Han kan rapportere om ganske stor endring i straumprisen i januar i år i høve til i fjor. Siste nytt er at MTE set ned straumprisen ytterlegare til 45,9 øre/kWh frå 17. februar.