KRITISK TIL LIFJELL-PLAN: Bjørn Magne Langkås (FrP).
Øystein Akselberg
Kritisk til Lifjell-plan: – Her er det eine hytteområdet etter det andre røska ut
Formannskapet er ikkje klar til å sende den nye storplanen for Lifjell ut på høyring. Politikarane vil bruke tida fram til møtet i mars til å sjå på detaljane. Om dei ville foreslå endringar vil dei ikkje seie noko om enno.
Ei arbeidsgruppe med assisterande kommunedirektør Øystein Tveit som prosjektleiar og kommuneplanleggjar Svenja Doreen Storøy i spissen har bak seg eit stort planarbeid når kommunedelplan for Lifjell for perioden 2024-2033 blir lagt fram for vidare handsaming. Måndag kom planen til førstegongs handsaming i formannskapet.