TRAKTOR ER TOPP: Kristian Bakka Kaasa elskar å køyre traktor. Han har traktor heime òg, men må også køyre når han er på Evju. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
KOSELEG MED HEST: Dei har hest heime òg. – Men det er alltid koseleg med hest, tykkjer Tuva Hegna Øygarden. Ho og Tonje Hegna Øygarden (t.h.) har lyst å ha med seg ein hest kvar heim til Heddal. Dei har elles røter i Bø. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
LANG KØ: Det var mange som hadde lyst på ein ridetur på Evju Bygdetun. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
VARMT: Anna Sperre Ytterbø og Øystein Ytterbø likar den store Gråtassen. Anna har også køyrd på ein av dei små. Den store tykkjer ho har blitt litt varm i solsteiken. Anna og far har teke turen frå Notodden. Øystein Ytterbø tykkjer Evju er ein flott plass til eit slikt arrangement. Det er fint å ta med barn hit. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
KANINAR ER MORO: Pernille Lykke Støa Andersen (t.h.) har også med seg si eiga tøykanin. Ho og veslesyster Mille Marie likar å sjå på kaninane. Ho er saman med mor Cecilie Støa. Olav Granne Hjukse kikkar også på kaninane. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
SKIKKELEG GØY: – Det var skikkeleg gøy, seier Johannes Jonskås Myrene. Han har ikkje prøvd riding før. Erika Håseth leier hesten. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
TIPPAR PÅ KJØTTMEIS: Gustav og Svend Kåre Berntsen laga fuglekasse. Gustav tippar på at ein kjøttmeis vil flytte inn. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
SEL SJØLVLAGA IS: F.v. Tuva Bergan, Johanne Aanderaa og Marie Aanderaa selde eplesaft og sjølvlaga is i kiosken. FOTO: Marta KjøllesdalFOTO: Marta Kjøllesdal
Kosa seg i sola på Open Gard – her kan du sjå nokre av dei som var der