T
Kommunen brukte 35 millionar kroner for mykje i fjor
Forskaren påpeikar auke i kommunens meirforbruk og varslar samtidig stor auke i behovet for hender innan pleie og omsorg.
Seniorforskar Audun Thorstensen frå Telemarkforsking i Bø har laga ei vurdering av Midt-Telemark kommune si drift på ulike sektorar for året 2022, ei såkalla kostra-analyse. Han ser både på inntekter og utgifter og kor mykje ressursar kommunen brukar på dei forskjellige einingane.