Kommunedirektøren avslår ny behandling av Oterholtfossen
Kommunedirektøren Åse Egeland avviser å behandle utbygginga av Oterholtfossen på nytt. Egeland viser til at rapporten frå NVE er del av søknadsprosessen.
Som Bø har skrive tidlegare krev Naturvernforbundet Midt-Telemark at kommunen tek opp utbygging av nytt kraftverk i Oterholtfossen på nytt. Grunnen er at Naturvernforbundet meiner politikarane mangla informasjon då dei gjorde vedtaket.