Dag Hallvard Østtveit:
Klimasaka har fleire sider
Det er mange gode grunnar for å seie at det ikkje er krise for klimaet. Auken i temperatur som vi har opplevd dei siste hundre åra på noko under ein grad er verken unormal eller dramatisk. I den vesle istida frå omlag 1300-1870 var det vesentleg kaldare enn no, med uår og svolt. CO2 var verken årsak til at istida kom eller forsvann. På 30- og 40-talet hadde vi temperaturar om lag som no. Den 17. august 1937 kunne ein lese følgjande i Aftenposten: «Professor Kurt Wegener på gjennomreise fra et «isfritt» Svalbard… Jeg la selv merke til adskillige forandringer på Svalbard. Fjorder og sund som det var umulig å komme inn i på grunn drivisen, er nu helt isfrie – Hornsund, Bellsund, Isfjord for eksempel».