PÅ SCENEN: F.v. Ole Martin Holte, Karen Kjeøen Erikstad, Ole Arnfinn Hagen og Per Anders Buen Garnås.
Privat
Klare til kamp og spel: I helga blir det leven på tunet
Etter lang tid med prøver, er det til helga klart for Evjuspelet 2024. Laurdag er det premiere på «Ein nabokrangel», med lokale kranglefantar i rollene.
Etter seks års pause, er Evjuspelet tilbake på bygdetunet med tre framsyningar fordelt på to dagar. Årets spel, «Ein nabokrangel», er basert på «Lars Anders og Jan Anders» av svenske Gustaf af Geijerstam, omsett til nynorsk av Oscar Braaten.