EVENTYRLAND: Midt-Telemark barne- og ungdomsteater inviterer til familieframsyning i Gullbring.
Gro B. Røiland
Klare for premiere – fleire hundre billettar er alt selt
Fredag er det klart for premiere på stykket «Alice i Eventyrland», av og med Midt-Telemark barne- og ungdomsteater. Teaterscenen er Storsalen i Gullbring kulturhus.
Med unge skodespelarar frå heile kommunen i ensemblet, har Bø barne- og ungdomsteater endra namn til Midt-Telemark barne- og ungdomsteater. Nå er dei klare med årets store teateroppsetting, som er «Alice i Eventyrland».