KLARE FOR KJEMPEFEST: Tine Schia (f.v.), Åshild Skarstad og Karin Hagen er alle med i styret for HalloVenn Bø. Dei håpar mange ungar blir med på festen.
José Bakker
Klar for kjempefest: – Me håpar mange blir med
HalloVenn er tilbake i Midt-Telemark. Tysdag kveld blir det superfest for alle ungar i Gullbring.
HalloVenn er tilbake etter tre års pause, og nå håpar styret at så mange som muleg sluttar opp om det alternative Halloween-arrangementet i Gullbring tysdag 31. oktober. Det er låg terskel for å vere med, billeg inngangsbillett og inga påmelding.