FÅR HEIDER: Kjell Stundal med heidersteiknet.
Marta Kjøllesdal
Kjell blir hylla: Har hatt ein finger med i det meste
Kjell Stundal har svært mykje på lista over ting han har medverka til å få på plass. Til og med Gullbring får han stor ære for.
Sist helg fekk bøheringen Kjell Stundal det høgaste heidersteiknet til Korpsnett Norge, ein medlemsorganisasjon for musikkorps og andre musikkensemble. Blant dei som var med og starta organisasjonen i 2001 var Stundal, som vart sitjande som tillitsvald fram til 2021.