Kan få gang- og sykkelveg om fem år
Statens vegvesen ønskjer å byggje gang- og sykkelveg mellom Gvarv og Mannebru i 2023 og 2024. Førebels prislapp er 100 millionar kroner
Statens vegvesen, region sør, har laga detaljreguleringsplan for bygging av gang- og sykkelveg frå Gvarv til Mannebru. Den skal knytte seg til gang- og sykkelvegen frå Bø til Mannebru og lage samanhengande veg mellom Bø og Gvarv. Planen har vore ute til høyring og offentleg ettersyn. Frist for innspel var 25. november.