Krevjande oppgåve:
N
Jobbar intenst med smittesporing
Jobben med smittesporing er i full gang etter at ein person knytt til vaksenopplæringa på Akkerhaugen testa positivt for covid-19 onsdag ettermiddag.
– Me er i full gang med smittesporingsarbeidet. Det starta umiddelbart etter at me fekk melding om den positive testen. Det er eit omfattande arbeid å kartleggje alle som har vore i kontakt med den smitta, og me er ikkje i mål ennå. Førebels veit me ikkje kor smitten kjem frå, seier einingsleiar for kommunikasjon og service i Midt-Telemark kommune, Marte Midttun Lie.