Tysdag 17. desember kan dei som lurar på kva dei skal gjere i framtida få hjelp eller tips ved universitetet i Bø. Der er det nemleg open dag, og alle som vil kan treffe studierettleiarar og studentar frå økonomi-, idrett/frilusftliv-, natur og miljøforvaltning-, og kultur og humanistiske studiar i Bø. Ein kan òg møte folk frå ingeniør, helse- og lærerstudiar frå andre campusar ved USN.