Kommuneoverlegen laurdag:
I
Ingen smitta, men ventar på fleire svar
15-20 personar i Midt-Telemark har blitt testa for koronasmitte den siste veka. Fortsatt er ingen smitta, ifølgje kommuneoverlegen, men ein manglar fortsatt svar på nokre prøver.
Kommuneoverlege Kristin Sekse opplyser på Midt-Telemark kommune si heimeside i dag ved 14.30-tida at det enno ikkje er påvist smitte i kommunen. Ho er også kommuneoverlege for Nome, og heller ikkje der er det smitta personar per nå.