– RIKTIG Å VENTE: Ordførar Siri Blichfeldt Dyrland gjekk inn for innstillinga til kommunedirektør Per Dehli (til høgre).
Øystein Akselberg
Ingen diskusjon rundt fjorårets heitaste politiske sak
Fjorårets heitaste politiske sak gjekk gjennom kommunestyret utan diskusjon måndag kveld. Dermed er flytting av biblioteket til Gullbring satt på langtidsparkering.
Kommunestyret har tidlegare vedteke å flytte biblioteket frå Bøgata 69 til Gullbring kulturhus. Diskusjonane rundt saka i fjor var mange og engasjerte, og motførestillingane mange frå ulike hald i og rundt miljøet i Gullbring.