STOR STAS: Jonas Calarco frå USA fekk bære fana i 17. maitoget. Her saman med leiar for Norgesskolen, Kristine Dehli.
Unni Buverud
I Midt-Telemark feirar ungdom 17. mai midt i juli
I desse dagar er elevar frå heile verda samla på Sagavoll folkehøgskole for å lære norsk språk og kultur, samt oppleve ein typisk norsk sommar og 17. maifeiring.
For 20. gong samlar Norgesskolen elevar frå heile verda til ein sommar med undervisning i norsk språk, kultur, samfunnsliv og naturopplevingar. Meir enn 90 elevar i alderen 8-19 år, frå 23 ulike land, er innkvartert på Sagavoll Folkehøyskole på Gvarv frå 17. til 30. juli. Der skal dei finpusse norsken, oppleve norsk friluftsliv og knytte vennskap på tvers av kultur og geografi.