I dag opnar dei dørene. Butikken blir dobbelt så stor
Extra-butikken i Folkestadvegen opnar dørene for kundane i dag. Det vankar både kake og snorklypp ved opninga.
Det har vore full fart med utbygging av nytt næringsbygg i Folkestadvegen 1 i Bø sentrum i haust. Forberg Eiendomsselskap sitt bygg blei kraftig forseinka på grunn av manglande stållevering, men etter ein kraftig sluttspurt dei siste månadane og vekene er det klart til opning i dag, torsdag.