V
I dag er det Per som eig den staselege garden, og han er 11. generasjon
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Det er gravhaugar frå tida kring år 500 på garden, og bygdeborga på Bekkekollen tyder også på så gammal busetjing. Valen er ein gammal gard, kanskje så gammal som rundt 1500 år.