Hyggeleg treff hjå Jorid og gardsnissen på Evju bygdetun
Førjulsmarknaden «Jul på Evju» gjekk av stabelen på Evju bygdetun i dag, sundag. Både unge og eldre såg ut til å storkose seg med aktivitetar, graut, gang rundt juletreet og mykje anna. Det er berre å slå fast at Jorid Vale og gjengen hennar på bygdetunet veit å stelle i stand ein hyggeleg og avslappande marknadsdag i strålande omgjevnader.