EITT AV TO: Legesenteret på Gvarv
Marta Kjøllesdal
Helseutvalet vil ha vurdering av legesenter og kunstig intelligens
Helse- og velferdsutvalet vil ikkje fjerne kutt som administrasjonen har foreslått. I tillegg vil ein ha vurdering av struktur og kunstig intelligens.
Sektor helse og meistring er pålagt å kutte 40 millionar kroner i budsjettforslaget til kommunedirektøren. I tillegg vedtok formannskapet at kommunen ikkje skal auke eigedomsskatten. Dersom det forslaget blir ståande, må helse og meistring kutte fire millionar kroner til. Utval for helse og velferd har hatt budsjettforslaget frå administrasjonen på bordet. Det skal kome med forslag til vedtak til formannskapet.