BEKYMRA: Gunn Marit Helgesen er uroa over debattklimaet rundt skulenedleggingar.

– Hatefullt debattklima kan svekkje tilliten til demokratiet

– Det pågår tøffe debattar om skulestruktur som skaper stort engasjement blant innbyggjarane. Då er det viktig at me som er folkevalde tek ansvar for eit debattklima som ikkje bidreg til hets og trakassering. 

Publisert Sist oppdatert

Det er KS sin styreleiar Gunn Marit Helgesen som uttaler dette i ei medling frå KS. 

Ho var svært bekymra for debattklimaet i debatten rundt skulestruktur i Innlandet. Også andre stader i landet pågår det debattar om skulestruktur. 

– Politikarar på alle nivå må vere rollemodellar. Me må behandle kvarandre med respekt også når me er djupt ueinige. Dette stod lokalpolitikarar frå heile landet saman om på KS sitt landsting i vår. Nå er det grunn til å minne om det. Det er tid for å roe seg ned, seier Helgesen.

– Eit sakleg og sannferdig debattklima er viktig både for tilliten til demokratiet, for ytringsfridomen og for folks vilje til å stille til val, seier Helgesen.

KS - Kommunesektorens interesseorganisasjon

KS er kommunesektorens interesseorganisasjon, utviklingspartnar og landets største offentlege arbeidsgivarorganisasjon. Alle kommunar og fylkeskommunar er medlemer. KS arbeider for ein sjølvstendig og nyskapande kommunesektor.

40 prosent av folkevalde i kommunar og fylkeskommunar har opplevd å bli utsett for hatefulle ytringar, truslar eller begge delar. Unge og kvinner er mest utsette. Det viser ei undersøking Ipsos gjorde for KS i fjor.

Nesten halvparten av desse torer ikkje å ytre seg på same måte som før. Mange vurderer eller har bestemt seg for å slutte som folkevalde.

– Folkevalde må i åra framover ta mange vanskelege val, fordi oljeinntektene vil falle og fordi det blir fleire eldre og færre unge. Tenester som skule, helse og omsorg må endrast, dei vil ikkje vere akkurat som før. Dette må me som politikarar klare saman med innbyggjarane, utan å skjelle kvarandre ut, seier Helgesen.

Powered by Labrador CMS