Hardingfelekamp om kongepokal
Onsdag 26. juni startar Landskappleiken 2019 i Vågå i Gudbrandsdalen. Mange folkemusikarar og -dansarar frå Midt-Telemark er å finne blant dei påmelde til årets store nasjonale kappleik, som har rekordpåmelding i nyare tid. Det er i år 494 startnummer fordelt på 1620 deltakingar, noko som er 50 startnummer fleire enn på fjorårets landskappleik i Trysil og 90 fleire enn på Røros i 2017.