Har stengt dørene til fem butikkar
Fem butikkar på Sønstebøtunet er frå i dag av stengt som følgje av konkursen. No sit bustyraren og Sparebanken DIN på nøkkelen til kva som skal skje vidare med butikkane.
Onsdag kom den triste meldinga om at styret bak drivarselskapet Sønstebøtunet AS hadde teke den tunge avgjerda med å gå til Telemark tingrett og melde oppbod for selskapet. Det betyr at drivarselskapet er slått konkurs.