ETTERLYSTE EIN PLAN: Frid Berge, Venstre
Marta Kjøllesdal
Har ingen plan for å dekke inn underskotet for i år
Det var stor avstand mellom partia som sit med fleirtalet i kommunestyret og dei andre då politikarane skulle vedta ny økonomiplan i kommunestyret måndag.
Statsforvaltaren har sagt at økonomiplanen som kommunestyret har vedteke er urealistisk og bedt om at det blir laga ein ny. Måndag kveld kom forslaget til ny plan opp i kommunestyret. Då planen var i formannskapet, delte det seg i tre syn på eigedomsskatt. Kommunedirektøren vil auke inntektene til kommunen med til saman 6,8 millionar kroner ved å auke eigedomsskatten for bustader, hytter og næring. I formannskapet kom det forslag frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti om å ikkje auke den for næring. Høgre og Fremskrittspartiet vil ikkje auke for nokon, medan dei andre partia stilte seg bak forslaget frå kommunedirektøren på dette punktet.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp