MINNEFOND: Bjørn Thore Andreassen i kjent positur på Kartfestivalen 2011.
Øystein Akselberg, arkivfoto
Gjer det slik Bjørn Thore ville gjort det: Gir bort 50.000 kroner
Nå er det ein ny sjanse til å søkje stipend frå Bjørn Thore Andreassens minnefond.– Me ønskjer å gjere noko i hans ånd og halde i live hans store engasjement for ungdom og lokalsamfunn. Han brann for å gje unge ei scene og hjelpe unge talent til å blomstre vidare, sa Sigrid Dahl til Bø blad da minnefondet etter Bjørn Thore Andreassen blei oppretta i 2021.Ønsket gjeld fortsatt, og i år er det fjerde gong det blir delt ut stipend til talentfull ungdom frå fondet.Heidrar sin avdøde ven med eit minnefond i Bjørn Thores åndDahl var gift med Andreassen, som døydde av kreft bare 43 år gammal. Ho tok også initiativet til å opprette fondet, som da hadde ein grunnkapital på 500.000 kroner.Fristen er 1. oktober
– Minnefondet etter Bjørn Thore inviterer igjen unge menneske i Telemark til å søkje økonomisk støtte. Me deler ut 50.000 kroner til utvikling av talent innan musikk og kultur, opplyser Dahl, og legg til at søknadsfristen er éin månad etter Bjørn Thore sin fødselsdag, som var 1. september.