FØRSTE FEIRINGA: Earth Hour vart første gong feira i Sydney i 2009.
Norbert Braun / Unsplash
Gje jorda ein time – sløkk lyset, eller plukk litt plast
For 15. år på rad oppfordrar WWF, Verdas naturfond, oss til å sløkke lyset i ein time eller gjere noko anna som er bra for jorda.
Earth Hour vart arrangert for første gong i 2007 i Sydney. To år seinare vart lyset sløkt for jorda i Noreg. No blir dagen markert i 190 land og blir rekna som ein av dei største grasrotbevegelsane i verda. I år blir markeringa laurdag 25. mars klokka 20.30.