PENGETILDELING: Audun Bjørnfeld, Anita Haugo Fredly, Siri Blichfeldt Dyrland, Karin Hagen og Torbjørn Kallestad jublar for tildelingar.
Gro B. Røiland
Full jubel for pengestøtte til frivilligheit: – Dette treng me!
Frivilligsentralane i Bø og Sauherad og Norges jeger- og fiskerforbund har til saman fått over 850.000 kroner frå Lotteri- og stiftelsestilsynet. Også frå Bufdir kjem det ein god slump pengar til Bø frivilligsentral.
Det var listetopp for Arbeiderpartiet, Karin Hagen, og Sp-ordførar Siri Blichfeldt Dyrland som hadde gleda av å vera utsende julenissar, da pengar frå Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kultur- og likestillingsdepartementet nyleg blei delt ut.