UROLEGE: Mette Haugholt (t.v.) og Karin Hagen.
Marta Kjøllesdal
Fryktar at det kan bli heilt slutt på Nordagutu
I haust vart det slutt på døgntilbod på rehabiliteringssenteret på Nordagutu. No fryktar ein at det kan bli heilt slutt, også på dagbehandling.
– Eg er bekymra for at poliklinisk tilbod blir avvikla og at det er kroken på døra på Nordagutu, seier Mette Haugholt.