EI HJELPANDE HAND: Denne gjengen vil gjerne ha oppdrag. Her er dagleg leiar Elisabeth Haugen (til høgre) med nokre av dei mange frivillige. Frå venstre Simon Benitez, Jan Tore Myhrene, Jan Kristian Hansen, Arild Olsen, Merete Lien og Frida Løver Kleveland.
Unni Buverud
Frivillige strøymer til sentralen – nå treng dei fleire oppdrag
Bø frivilligsentral har fått 15 nye frivillige sidan januar. No vil dagleg leiar Elisabeth Haugen ha fleire oppdrag. – Me tek kvardagslege oppgåver på strak arm, seier ho.
Mangeårig leiar av frivilligsentralen i Bø, Elisabeth Haugen, føler at dei i 2023 står ved ein milepæl. Det 100 år gamle huset, der frivilligsentralen har vore i 23 år, er pussa opp og parken ute er ferdig.