Fristen for uttale er ikkje ute – du kan framleis kome med innspel til arealplanen
19. april går fristen for å uttale seg om kommunens arealplan ut. Når planen er vedteken, gjeld den fram til 2033.
Det er to store planar som legg rammene for korleis Midt-Telemark kommune skal utvikle seg i åra som kjem, faktisk heilt fram til 2033. Den eine delen er samfunnsplanen, som er vedteken.
Den blir følgd opp av ein arealdel. Den har vore behandla i formannskapet to gonger. No ligg den ute til høyring, det vil seie at innbyggjarane kan kome med innspel på ting dei er ueinige i, eller som dei meiner bør inn, eller ut.
5 veker for 5 kroner
Deretter 145 per månad.
Inga binding.
Kjøp