Første prosjekt i Noreg: Nå er dei første mikrohusa her
Nyleg blei to mikrohus løfta på plass i den nye landsbyen til Grend AS i Trytetjønnvegen i Folkestad. Hyttene veg 12,5 tonn kvar. Måndag kjem dei tre neste hyttene, om alt går etter planen.
Det er selskapet Grend AS som nå for alvor er i gang med bygging av ein landsby av mikrohus i skogen mellom Trytetjønnvegen og Sommarland i Folkestad.