– Forebygging løner seg
Me er uroa for aukande rus og kriminalitet blant barn og unge i Telemark
og andre stader. Sjølv om dei fleste ikkje er råka, ser me ei alvorleg utvikling
med aukande vald, ran og overgrep, og lågare alder på dei involverte. Dette aukar
faren for utanforskap. Me meiner kraftige tiltak må setjast inn, inkludert
endring i ruspolitikk, styrking av kommuneøkonomien og involvering av
nærmiljøet.
Politiet må få naudsynte verktøy til å avdekkje og handtere bruk, besittelse og sal av illegale rusmiddel. Samstundes må kommunane tilby hjelp, men økonomiske utfordringar gjer ofte at forebygging blir nedprioritert. SLT-modellen, som samordnar førebyggjande tiltak mellom aktørar i kommunane, bør styrkast.
Tidleg hjelp er avgjerande for å sikre gode oppvekstvilkår. Frivilligheita si rolle er uvurderleg, og Senterpartiet vil jobbe for å støtte dette viktige arbeidet. Forebygging sparar samfunnet for store kostnader og gir barn og unge betre livsvilkår.