NYTT PÅ BADET: Anne Torill Fles har baderomsutstilling i både kvitt, eik og svart.
Øystein Akselberg
– Folk i Midt-Telemark vil ha det reint på badet, og gjerne svart
Me har teke turen til Haugestøl VVS i Stasjonsvegen for å sjekke kva som rører seg innan bad, og om det er spesielle trendar for baderommet for tida.
I lokalet til røyrleggarforretninga øvst i Stasjonsvegen møter me butikk- og kontormedarbeidar Anne Torill Fles. Ho er opprinneleg gvarvianar, men bur i Bø og har jobba i verksemda sidan 2017.