STRAM TIDSPLAN: Kommunalsjef for oppvekst, Pia Groven-Robertsen, har laga ein tidsplan for samlokalisering av Folkestad og Bø skule.
Øystein Akselberg
Fekk fullmakt til å sjå på skulesamanslåing: Handlar i praksis om nedlegging av Folkestad
Etter ein lengre debatt gjorde kommunestyret samrøystes vedtak om at administrasjonen kan vurdere skulestruktur og samlokalisering av skular. I praksis handlar det om nedlegging av Folkestad skule allereie frå hausten av.
Måndag kveld vedtok kommunestyret i Midt-Telemark at administrasjonen får «handlingsrom» til å sjå på skulestruktur, inkludert samlokalisering av skular, når den skal vurdere innsparingar i kommunen sitt budsjett. Vedtaket var samrøystes og kommentarane var mange undervegs i møtet.