MINECRAFT-TEATER: Jesper Langeveld Sas (f.v.), Oliver Kambestad Raukleiv, Mathias Dammen Gulhaug og Mikkel Thorvaldsen er klare for ei ny utfordring.
Gro B. Røiland
Får ein heilt spesiell kveld: – Det blir veldig kult, og me får møte kjendisar
Dei er gamarar og brukar mykje fritid på spel. Nå skal gutane spela Minecraft på Gullbring-scenen med Riksteatret.
Tysdag 7. mai kjem Riksteatret til Gullbring kulturhus med familieframsyninga «Det mørke fortet – Et Minecraft-eventyr». Da blir det med seks lokale ungdomar.