SPENNANDE OG GØY: – Det er veldig spennande og gøy at dei har sett at eg utmerkar meg og er god nok til å vere med på noko slikt, seier Erle Jakobsen Iversen.
Arkivfoto, Marta Kjøllesdal
Erle har blitt sett – nå får ho ein spennande sjanse
I slutten av januar får fotballspelaren Erle Jakobsen Iversen vise seg fram for talentspeidarar på ein spennande treningsleir.
14-åringen frå Bø skal få vise seg fram på ein ny arena i vinter. Erle Jakobsen Iversen er nemleg teken ut til Equinor Talentleir for J15 og J16 i Sarpsborg. Talentleiren er i perioden 26. til 29. januar. Uttaket vart klart sist fredag.