BRØYTING: Brøyteoppdraget i Midt-Telemark kommune er fordelt på fleire aktørar, men ein er størst i feltet.
Øystein Akselberg
Eitt firma er kongen av snørydding: Sjå kven som brøyter hos deg
Den kommunale brøytejobben er fordelt på tolv rodar. Åtte entreprenørar er hyra inn til å brøyte 180 kilometer veg og 32.000 kvadratmeter parkering. Groven og Karlsen er kongane på snøhaugen.
På Midt-Telemark kommune si liste over vinterdrifta på dei kommunale vegane står det oppført kva for selskap og personar som har oppdraget med å brøyte vegane for snø.